Meny
Velg trinn eller SFO Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Velkomne til nytt skuleår og første skuledag!

Då er sommarferien snart over og det er skulestart om ei veke, torsdag 15.august.

Håper alle har hatt ein fin sommar og har med seg gode minner inn mot hausten.

torsdag 15. august er det første skuledag og vi gler oss til å treffe dykk, alle saman!

2.- 7. trinn møter på skuleplassen ved administrasjonen kl. 08.30. Her vert de ønska velkomne av rektor og går deretter til dykkar nye klasserom saman med lærarane.

1. trinn møter kl. 09.00, også på skuleplassen framfor administrasjonen. Rektor ønsker velkomen, det vert opprop, samling klassevis og litt fotografering. Deretter går de til klasseromma saman med lærarane dykkar. 

Skuledagen varer fram til kl.13.00 for 1.- 3.trinn, medan 4.- 7.trinn går til kl. 14.15.

Hugs å ta med matpakke og drikke. Dei som har bestilt produkt frå Skolelyst, får dette frå den datoen dei har fått info om.

Av erfaring veit vi at mange nye førsteklassinger vert veldig slitne dei første skuledagane. Det kan vera lurt å vurdera om ein kan ha kortare tid i SFO desse første dagane.

Vi ser fram til å skapa gode opplevingar, mykje læring og godt foreldresamarbeid i det nye skuleåret!