Meny
HER FINN DU TRINNA Framside
Trinn 1
Trinn 2
Trinn 3
Trinn 4
Trinn 5
Trinn 6
Trinn 7
Bjønnholen 10 4342 Undheim Vis på kart
Telefon: 51 77 83 60 Send e-post til oss
Redaktør: Gerd Rusdal
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Samtykke til skulefotograf, fotografering og film i skuletida

Fotografering og film av elevar er regulert av lov om personvern og datatilsynet.  Skulen må difor henta inn samtykke frå føresette for at dette skal vera lov. Etter at elevane er 13 år skal dei sjølv samtykke til dette.  

I Time er det utarbeida eit nytt system for samtykke i Visma Flyt skole som gjeld frå  august 2024. Føresette/ elevar ved fylte 13 år blir her bede om å gje 3 samtykke: 

-Samtykke til bruk av bilete og film i skule og SFO i Time kommune  
-Samtykke til å vera med på bilete tatt av skulefotograf 
-Samtykke til deling av bilete/film i skulen sine sosiale media  

Det gamle samtykket til fotografering er ikkje gjeldande etter august.  

Skulefotografen kjem til skulen vår i veke 37. De vil få meir informasjon om dette etter kvart. Det blir tatt bilete av kvar elev, klassebilete og det blir laga skulekatalog der alle elevane er med.
Undheim skule ber om at alle føresette går inn og gir samtykke så raskt som mogleg. De kan gje samtykke via app’en “Min skule- foresatt" eller via “Foreldreportalen” i Visma Flyt skule som de finn til venstre på skulen si heimeside.