Om minoritetsspråklige elever, og språkopplæring.
Porsholen skole er en mangfoldig skole, med 60 nasjonaliteter representert.
Vi tilbyr derfor grunnleggende norskopplæring (GNO), særskilt norskopplæring (SNO) og tospråklig fagopplæring (TFO).
Elevene som mottar SNO har i hovedsak 1-2 økter SNO per uke.
Elin Rage er migrasjonskoordinator og SNO og GNO lærer på Porsholen. Hun underviser elevene fra 1.trinn, 2.trinn, 5.trinn og 7. trinn.
På 3. trinn og 4.trinn er det Jorunn Lye som er SNO lærer.
Loven om grunnskolen og den videregående opplæringen, § 2-8 sier;
Elevar i grunnskolen med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Om nødvendig har slike elevar også rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar.Morsmålsopplæringa kan leggjast til annan skole enn den eleven til vanleg går ved.Når morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring ikkje kan givast av eigna undervisningspersonale, skal kommunen så langt mogleg leggje til rette for anna opplæring tilpassa føresetnadene til elevane.Kommunen skal kartleggje kva dugleik elevane har i norsk før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring. Slik kartlegging skal også utførast undervegs i opplæringa for elevar som får særskild språkopplæring etter føresegna, som grunnlag for å vurdere om elevane har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen.Kommunen kan organisere særskilt opplæringstilbod for nykomne elevar i eigne grupper, klassar eller skolar. Dersom heile eller delar av opplæringa skal skje i slik gruppe, klasse eller skole, må dette fastsetjast i vedtaket om særskild språkopplæring. Vedtak om slik opplæring i særskilt organisert tilbod kan berre gjerast dersom dette er rekna for å vere til beste for eleven. Opplæring i særskilt organisert tilbod kan vare inntil to år. Vedtak kan berre gjerast for eitt år om gongen. I vedtaket kan det for denne perioden gjerast avvik frå læreplanverket for den aktuelle eleven i den utstrekning dette er nødvendig for å vareta eleven sitt behov. Vedtak etter dette leddet krev samtykkje frå elev eller føresette.