Elevrådstyret har denne veka vore på BUK. Nokre av dykk har kanskje lese om møtet i Jærbladet eller Aftenbladet allereie.
Hovedsaken var fordeling av straksmidlar. Det kom inn tre forslag, der eitt av dei var frå Klepp ungdomsskule. Klepp ungdomsskule foreslo å fordele straksmidlane etter elevtall og at dei skulle vere øyremerka utstyr til aktivitet og leik. Orre og Klepp ungdomsskule hadde så like forslag at dei blei slått saman. Det tredje forslaget var frå Tu som ønska å gje straksmidlane til Redd barna. Tu sitt forslag vann fram med 23 mot 22 stemmar.
Nytt i år var at dei 35 000,- som vanlegvis vert fordelt på elevråda vart slått saman med straksmidlane. Redd barna kan difor sjå fram til å motta 70 000,- og elevråda i Klepp vil ikkje få midlane dei vanlegvis får frå kommunen dette året.
Elles fekk elevrådstyret spelt inn viktige punkt til ny plan for trafikktryggleik, foreslått aktivitetar til den nye parken som kjem i sentrum og høyrt om kommunen sine bidrag til friluftsåret 2025.