Meny
Velg avdelinger Framside
Stasjonsvegen 26B 4350 Kleppe
Telefon: 51 42 97 00 Send e-post til oss
Redaktør: Sigurd Ravndal
Visma FLYT skule
Pålogging Visma FLYT
Min Timeplan
Min Timeplan
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2025><<
mars 2025
mtotfls
24252627280102
03040506070809
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31010203040506
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Elevundersøkinga
Elevundersøkinga
Informasjon om munnleg eksamen onsdag 4.juni

Munnleg eksamen er ein viktig del av avslutninga på grunnskulen, og det er viktig at både elevar og føresette er godt førebudde på prosessen. Trykk "Les meir" for nyttig informasjon om gjennomføringa av munnleg eksamen.

Trekkfag og førebuing
Elevane får vite kva fag dei er trekte ut i måndag 2.juni. Dagen etter er ein førebuingsdag der elevane får utdelt eksamensoppgåva og får individuell rettleiing frå faglærar.

Gjennomføring
Munnleg eksamen (engelsk, engelsk fordjupning, fremmedspråk, krle, samfunnsfag og norsk) varer i inntil 30 minutt per elev, medan munnleg-praktisk eksamen (arbeidslivsfag, matematikk og naturfag) varer i inntil 45 minutt per elev. Elevane kan velje å starte eksamen med ein presentasjon, før sensorane gjennomfører ein fagsamtale for å kartleggje kompetansen til eleven.
Ved eksamen blir elevane vurderte ut frå kompetansemåla i faget, og sensorane vil leggje til rette for at eleven får vist så brei kompetanse som mogleg.

Fagsamtalen

Faglæraren har ansvaret for og styrer kommunikasjonen med eleven under eksamen. Den eksterne sensoren kan stille avklarande og utdjupande spørsmål ved avslutninga av samtalen. Elevane må vera
informert om rollefordelinga mellom ekstern sensor og faglærar. Ekstern sensor har ansvar for å ta notat under kvar eksaminasjon.

Hensikta med eksamen er å gje eleven moglegheit til å vise kompetanse i så stor del av faget som mogleg. Sensorane må derfor stille spørsmål eller leia samtalen slika at eleven får høve til å vise breiast
mogleg kompetanse i faget. Ein eksamen som berre prøver ut nokre kompetansemål, vil vera i strid med dette prinsippet. Sensorane sine grunnhaldningar skal vera å leita etter den kompetansen eleven har i
faget, ikkje leita etter den kompetansen eleven ikkje har.

Sjølv om tema/problemstilling i eksamensoppgåva i utgangspunktet dekkjer ein del av faget, og sjølv om eleven har gjort eit utval i form av vinkling av fagstoffet, må eleven vera førebudd på å bli prøvd i andre
delar av faget. Det heng saman med kravet om at eleven kan prøvast i fleire og relevante deler av læreplanen enn det som kan lesast direkte ut av førebuingsdelen, jf. forskrift til opplæringslova § 3-22. I
praksis betyr det at faglærar og sensor, med mål om å la eleven få vise så mykje kompetanse i faget som mogleg, kan spørje eleven om anna enn det som er direkte knytt til formuleringa i eksamensoppgåva til
eleven.

Hjelpemiddel
Elevane kan bruke notatar, digitale presentasjonar og kjelder som dei sjølv vel. Ved tekniske problem må eleven vere førebudd på å gjennomføre eksamen utan digitale hjelpemiddel.

Tilrettelegging
Elevar med særskilde behov kan søke om tilrettelegging innan fastsette fristar. Ta kontakt med skulen om det er behov for meir informasjon.

Vurdering og klage
Karakteren blir sett på bakgrunn av det eleven viser under eksamen. Det er mogleg å klage på formelle feil som kan ha påverka resultatet, men ikkje på sjølve vurderinga. Ved klage på lokalt gitt eksamen kan ikkje eleven få endra på karakteren. Eleven kan berre klage på at det er gjort ein formell feil som har hatt noko å seie for eksamensresultatet. Formelle feil kan vera at eleven ikkje fekk vite karakteren før neste elev starta sin eksamen, eller at eleven har blitt distrahert av at faglæraren eller ekstern sensor openbart ikkje følgjer med.