Meny
Velg avdelinger Framside
Artikkel
Stasjonsvegen 26B 4350 Kleppe
Telefon: 51 42 97 00 Send e-post til oss
Redaktør: Sigurd Ravndal
Visma FLYT skule
Pålogging Visma FLYT
Min Timeplan
Min Timeplan
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2025><<
mars 2025
mtotfls
24252627280102
03040506070809
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31010203040506
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Elevundersøkinga
Elevundersøkinga
Klepp ungdomsskule er trekt ut til å delta i PISA-undersøkinga våren 2025

Informasjon om PISA-undersøkinga 2025
PISA-undersøkinga (Programme for International Student Assessment) er eit internasjonalt forskingsprosjekt med deltaking frå 95 land. Undersøkinga blir gjennomført kvart tredje år og har som mål å kartleggje kva elevar fødde i 2009 kan i naturfag, lesing og matematikk, i tillegg til programmering og modellering.
I Noreg er det 286 grunnskular og meir enn 8000 elevar som skal delta i årets undersøking. Universitetet i Oslo gjennomfører undersøkinga på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet (Udir). Elevane som deltek er tilfeldig trekt ut av Universitetet i Oslo.

PISA-undersøkinga ved vår skule blir gjennomført fredag 21. mars. Føresette til elevar som er trekte ut til å delta, vil få informasjon via Visma Skule innan fredag 7. mars 2025.
Vi oppmodar føresette til å lese gjennom informasjonen og ta kontakt med skulen dersom det er spørsmål.

Elevane har to timar på å gjennomføre den faglege prøva. I tillegg skal dei svare på eit spørjeskjema med spørsmål om undervisning, haldningar til naturfag, læringsmiljø og foreldra sitt utdanningsnivå og yrke. Du kan sjå spørjeskjema fra tidlegare PISA-undersøkingar her: www.pisa.no. Det er også meir informasjon om undersøkinga på Utdannigsdirektoratet sine nettsider: https://www.udir.no/tall-og-forksning/internasjonale-studier/pisa/.

 

Personvern og behandling av data

Ingen lærarar eller andre tilsette på skulen får sjå svara på prøva eller spørjeskjemaet. Svara blir lagra sikkert og behandla konfidensielt. I samband med gjennomføringa av PISA blir det brukt deltakarlister med namn på skulen, elevane sitt førenamn og ein påloggingskode til prøva.

Deltakarlistene blir oppbevarte trygt ved UiO, og det er berre forskarar på PISA-prosjektet som har tilgang til desse. Kontaktpersonen ved skulen har også ein kopi av deltakarlista, og denne lista blir sletta så snart som mogleg etter 1.juli 2025.

 

Sjå vedlegg i høgre marg for meir informasjon.