Meny
Velg avdelinger Framside
Stasjonsvegen 26B 4350 Kleppe
Telefon: 51 42 97 00 Send e-post til oss
Redaktør: Sigurd Ravndal
Visma FLYT skule
Pålogging Visma FLYT
Min Timeplan
Min Timeplan
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2025><<
mars 2025
mtotfls
24252627280102
03040506070809
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31010203040506
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Elevundersøkinga
Elevundersøkinga
Sosial kompetanse i mars; Venneplikt

Temaet denne månaden er ganske alvorleg, men diverre ikkje så framand for mange i denne aldersgruppa. Det å vere urolege for korleis venner har det, og vere usikre på kva som er forventa av dei og kva dei kan gjere for å hjelpe, er noko svært mange ungdomar er opptekne av.

I timen vert dei oppfordra til å fortelje til vaksne dersom dei er bekymra for ein venn. Kanskje fortel dei uroa si til nettopp deg. Kva gjer du då? På same måte som vi ber ungdomane om å finne ut om den som har problemet har fortalt dette til vaksne som kan hjelpe, er dette også noko av det du bør finne ut dersom ungdomen din søker råd hos deg. Dersom det er grunn til å tru at du no er den einaste vaksne som har fått vite dette, blir rolla di å finne ut saman med ungdomen din kven som kan hjelpe. Kanskje er dette noko du eller ungdommen din kan snakke med helsesjukepleiar om. Eller kanskje vil du snakke med foreldra til ungdommen om dette er noko dei treng å vite? I allefall om det står det om liv og helse. Ring gjerne Alarmtelefonen for barn og unge (116111) og få meir råd der. Vis at du er ein ungdommen din kan kome til med slike bekymringar også.

Video om venneplikt