Hausten sitt vakraste eventyr på Klepp ungdomsskule! Eller kaldaste og våtaste?!!
Viktigast av alt - godt samarbeid på gruppene - hjelp kvarandre og ha det gildt!
To konkurransar: best samarbeidande gruppe og beste utkledning/tema. Men også her ein ennå viktigare konkurranse - mot seg sjølv! Vera robuste og kravla gjennom våte røyr, vassa i bekkar, vade over dam, dra traktorhjul, klatra over hinder og springa opp bakkar.
Tusen takk til alle elevar og lærarar som gjer dette til ein svært minnerik dag!
(Klikk "Les meir" for mange bilete)
Klepp ungdomsskule er ansvarleg for riggen - og har eigen sorpegeneral! Vardheia har vore deltakande frå start av, og tek litt ansvar dei og. Dei siste åra er ungdomstrinna på Orstad og Bore ungdomsskule også med.
Tusen takk til alle som bidreg og gjer denne opplevinga mogleg!