Meny
Her finn du trinna Framside
Besøksadresse: Gåsevikvegen 2 4355 Kvernaland Telefon: 51 77 65 00 Send e-post til oss
Postadresse: Postboks 38 4349 BRYNE
Redaktør: Karl Inge Aksnes- +47 928 41 927
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Innlogging heimeside
Logg inn
Tilgjengelegheitserklæring
TV-aksjonen 2024!

På Frøyland ungdomsskule har me fokus på NRK sin tv-aksjon. I år går innsamlingen til Barnekreftforeningen.

Me markerer dette med å undervise om tv-aksjonen i Tema-timane. Førstkomande fredag, 18. oktober, har me aksjonsløp ved Stemmen og området rundt.
Program:
08.15: Oppmøte på skulen: Innlevering av telefon og gjennomgang av løypekart. Gå opp til Stemmen.
08.30-08.55: Oppvarming/bli klar.
09.00-10.00: Springe (evt gå) så mange rundar som mogleg (1.6 km). Føresette kan donere eit valfritt beløp per runde til tv-aksjonen, eller eit fast beløp. Sjå skulen si Facebook-side eller heimeside for QR-kode.
10.00-10.30: Mingling ved Stemmen. Alle må ha med skift.
10.30-11.30: Ned igjen på skulen for matpause. Dei som vil, kan gå heim for å dusje. Alle må vere klare til valfag kl. 11.30.

Ein kostymepris for heile skulen. Ein jurypris per trinn, som handlar om innsats og å spreie glede og humør.

Dei som ikkje kan delta i løpet ved å gå eller springe: Føresette må sende melding til kontaktlærar slik at me kan finne andre oppgåver til dei. Frist: Torsdag 17. oktober kl. 11.00.