Meny
Her finn du trinna Framside
Besøksadresse: Gåsevikvegen 2 4355 Kvernaland Telefon: 51 77 65 00 Send e-post til oss
Postadresse: Postboks 38 4349 BRYNE
Redaktør: Karl Inge Aksnes- +47 928 41 927
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Innlogging heimeside
Logg inn
Tilgjengelegheitserklæring
Elevane sitt læringsmiljø - §9-a og Olweus

§9-a i Opplæringslova skal sikra at alle elevar skal ha eit trygt og godt skule- og læringsmiljø. I dette ligg det at dei skal oppleva å vera del av eit fellesskap og ha ein kvardag som er fri for mobbing og krenking. 

Det å ha det trygt på skulen inneber at me som vaksne og elever saman skal arbeida for ein skule som er trygg. 

Skulen er med i eit nasjonale prosjekt: "Inkluderende skole- og barnehagemiljø" som er leia av Utdanningsdirektoratet. Arbeidet vårt her er å arbeida mot ein skule kor alle er trygge og kor alle opplever seg inkludert. 

FUS har nulltoleranse for mobbing. Me har som ei følgje av dette, arbeidd med eit anti-mobbeprogram som er utvikla av Dan Olweus, professor ved universitetet i Bergen. Programmet har gitt personalet ved skulen ei felles plattform i kampen mot mobbing. Det har óg gitt oss meir kompetanse og innsikt i å handtera mobbeproblem.Tendensar til mobbing kan oppstå kor tid som helst, og skulen sin kvalitetsplan skal brukast til å førebyggja og aktivt motarbeida slike problem. Arbeidet mot mobbing er ein kontinuerleg prosess, og den kompetansen vi har fått gjennom Olweusprogrammet, må brukast i dette arbeidet. Frøyland Ungdomsskule har sidan 2009 vore sertifisert som Olweusskule.

Som vedlegg ligg skulen sin kvalitetsplan mot mobbing. Denne er revidert våren 2018 slik at den heng saman med endringene i §9a 

Informasjon om familiesenteret finn du her på sida.

 

På nettstaden til Utdanningsdirektoratet kan du lesa meir om Elevane sitt læringsmiljø - opplæringsloven §9a

Informasjon til foreldre og elevar