Meny
Her finn du trinna Framside
Besøksadresse: Gåsevikvegen 2 4355 Kvernaland Telefon: 51 77 65 00 Send e-post til oss
Postadresse: Postboks 38 4349 BRYNE
Redaktør: Karl Inge Aksnes- +47 928 41 927
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Innlogging heimeside
Logg inn
Tilgjengelegheitserklæring
Samtykke til skulefotograf, fotografering og film i skuletida

Fotografering og film av elevar er regulert av lov om personvern og datatilsynet. Skulen må difor henta inn samtykke frå føresette for at dette skal vera lov. Etter at elevane er 13 år skal dei sjølv samtykke til dette.

I Time kommune er det utarbeida eit nytt system for samtykke i Visma Flyt Skole som gjeld frå august 2024. Føresette/ elevar ved fylte 13 år blir her bede om å gje 3 samtykke: 

1. Samtykke til bruk av bilete og film i skule og SFO i Time kommune  
2. Samtykke til å vera med på bilete teke av skulefotograf 
3. Samtykke til deling av bilete/film i skulen sine sosiale media

Det gamle samtykket til fotografering er ikkje gjeldande etter august. 
Skulefotografen kjem til skulen vår 22. og  23. august og det vil bli tatt klassebilete og portrett av kvar elev. Det blir og laga skulekatalog med alle elevane.
Me ber om at føresette til dei som ikkje har fylt 13 år går inn og gjer samtykke så fort som mogleg.
Til føresette som har barn som er fylt 13 år, kan de be eleven sjølv svara på samtykkeskjemaet inne i dykkar visma-portal/app. De kan gje samtykke via app’en “Min skule- foresatt" eller via “Foreldreportalen” i Visma Flyt Skule.

Me ser at fleire allereie har svart på dei nye samtykka, då kan de sjå bort frå denne beskjeden.