Meny
Velg Trinn eller SFO SFO
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Endring i betalingssatsane i SFO frå 01.01.2025:

2 dagar kr. 1.390,-. Gratis for 1., 2. og 3. klasse. Matpengar kr. 105,-
3 dagar kr. 2.080,-. Gratis for 1., 2. og 3. klasse. Matpengar kr. 145,-
4 dagar kr. 2.770,-. Kr. 690,- for 1., 2. og 3. klasse. Matpengar kr. 200,-
5 dagar kr. 3.480,-. Kr. 1.390,- for 1. og 2. klasse. Matpengar kr. 240,-

Kjøp av ekstra dag: kr. 305,-

 

Skulefritidsordninga på Lye skule er ope kvar dag frå klokka:

07.00 til skulestart og frå skuleslutt til 16.00 kvar dag.

De kan nå oss på:  tlf. 976 79 971 eller 51776096 eller send
e-post til: iselin.stangeland@time.kommune.no

 

Informasjon om oppseiing av tilbod i SFO 
I samband med overgang til nytt skuleår er det vanleg at nokon vil endra eller seie opp tilbodet ein har i SFO. For å unngå misforståingar vil me minna om reglane som gjeld for endring/oppseiing av tilbod om SFO. Reglane for oppseiing er fastsett i §4 i “Vedtekter for skulefritidsordninga i Time kommune”. 

Grunna få barn som kjem i jula blir opningstidene reduserte.

Måndag 23.12: 07.30-16.00.

Fredag 27.12: 08.00- 15.30.

Måndag 30.12: 08.00 - 15.30.

 

Program for desse dagane ligg under SFO informasjon --->


Det vil snart bli mogeleg for å melde på ferieklubben på SFO. 

Alle som har SFO plass vil få tilsendt skjema i appen MinSkole.

Dei som ikkje har SFO plass t.o.m 4.trinn kan kjøpe denne veka for kr 1615,-. Påmeldingsfristen er 10.mai.

 


I går den 24.april, markerte me den Store SFO dagen med aktiviteter, fest og show!! Me var ganske nøyaktig 100 unger + ein god gjeng med vaksne, i tillegg til ungdommer i arbeidsveke.

 


I samband med overgang til nytt skuleår er det vanleg at nokon vil endra eller seie opp tilbodet ein har i SFO. For å unngå misforståingar vil me minna om reglane som gjeld for endring/oppseiing av tilbod om SFO. Reglane for oppseiing er fastsett i §4 i “Vedtekter for skulefritidsordninga i Time kommune”. 
Oppseiingstid for tilbod i SFO er 2 månadar. Ein må seie opp innan dem 1. dagen i månaden 2 månadar før ein vil at oppseiinga skal gjelda.  
For oppseiing på slutten av skuleåret gjeld det at om ein seier opp plassen ved SFO etter 1. mars, må ein betala for tilbodet ut skuleåret, dvs. til og med juni.  
Om ein ikkje vil behalde plassen i august, må ein seia opp tilbodet innan 1. mai.  
Ved oppseiing etter 1. mai, må ein betala for tilbodet i august.  

Om de allereie no veit at de ikkje vil ha tilbod ved SFO i august 2024 set me stor pris på at de melder frå. Dette gjer det enklare å planlegge bemanninga og bruk av ressursar, og slik kan me gje ungane eit best mogleg tilbod.  

Ved ingen endringer, beholder du plassen ut fjerde klasse.

Har du redusert foreldre betaling må dette søkjas om på ny til neste skuleår.


Midlertidig stopp i SFO søknad/endringar/oppseiing  i juli.

Da Visma Flyt Skule vil bli klargjort for å opne opp nytt skuleår 2023-2024 vil det ikkje vera mogleg å søke SFO og legge inn endringar på SFO opphaldet i perioden  30.06 – 15.07.2023.
De som føresett vil ikkje finna valet for å søke SFO i denne perioden.

Skulesang Lye skule

Elever og lærere på Lye skule lagde våren 2018 ny skulesang.

 

 



Visma Flyt Skole er vårt skuleadministrasjonsprogram der de som foresatt logge inn og kan følge dykkar elev, sjå vurderingar ,svare på samtykker, søke SFO , permisjon ol.
De finn lenke til innlogging  på høgre side her på heimesida og de som foresatt skal logge dykk på med ID porten.

Det ligg ei lenke til eit hefte for foresatte her

kkje bruk nettleseren Internet Explorer 


Førsteklassingane i Noreg skal frå august 2022 få tilbod om gratis kjernetid i skulefritidsordninga. For 1.klassingar i Time kommune vil tilbodet om 3 dagar i skulefritidsordninga difor blir gratis frå 1. august.