Skulehelsetenesta skal arbeida for å:
- fremma eleven si psykiske og fysiske helse
- fremma gode sosiale og miljømessige forhold
- førebygga sjukdom og skade
- jamna ut sosiale forskjellar
- førebygga, avdekka og hindra vald, overgrep og omsorgssvikt
I samarbeid med heim, skule og det øvrige hjelpeapparatet skal skulehelsetenesta arbeida for å identifisera og løysa dei helsemessige problema som knyter seg spesielt til skuleeleven sin situasjon.
Helsesjukepleiar er med i tverrfagleg team på skulen, "Laget rundt læraren og eleven". Foreldre og elevar kan ta direkte kontakt med helsesjukepleiar.
Du kan snakke med oss om alt som tristhet, engstelse, bekymringer, vonde opplevelser (som sjukdom, dødsfall i familien), spørsmål om kroppen, stress, mobbing, vold, utfordringer på skulen, kostveiledning, spisevansker, problemer heime, seksualitet, pubertet, rus, snus, røyk, fysisk og psykisk helse, kronisk sykdom, trening osv.
Helsesjukepleiar har teieplikt.
Ta gjerne med ein venn om du synest det er vanskeleg å koma aleine.