Visma Flyt Skole er ei nettbasert løysing der skulane i Time kommune legg inn informasjon om elevane. De som føresette får no tilgang til dette programmet og kan følgja med på dykkar elev.
Som foreldre/føresette søkjer de her permisjon frå skulen for dykkar barn.
Lærarane fører fråver, anmerkningar, vurderingar (karakterar-ungdomsskular)i VFS.For å få tilgang til VFS må de logga dykk inn med ID-porten (sikker innlogging offentlege tenester).
Her er lenka til VFS
Søknad om elevpermisjon
Skal du søkja permisjon frå opplæringa kan kontaktlærar gje fri inntil 2 dagar.
Er permisjonen utover 2 dagar må det søkjast permisjon til rektor (sjå Opplæringslova under). Søk på lenka Visma Flyt Skole, VFS.
Frå Opplæringslova:
§ 2-11.Permisjon frå den pliktige opplæringa."Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker.Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute."