Time kommune sin visjon er "Trygg og framtidsretta".
Lye skule sin visjon er "Lye skule er ein god stad å vera og ein god stad å læra."
Skulen sin pedagogiske grunnsyn, elevsyn og læringssyn ligg til grunn for arbeidet vårt både i skule og SFO (skulefritidsordning)
Pedagogisk grunnsyn:
- me møter elevane med respekt, toleranse og empati
- me arbeider mot felles mål og har felles ansvar for elevane si læring
- me er gode klasseleiarar og gode leiarar av elevane si læring
- elevane opplever framgang og meistring
- elevane våre trivest og opplever god arbeidsro
- me møter alle foreldre og føresette med respekt
- elevane våre har eit mobbefritt læringsmiljø på skulen
Elevsynet vårt: Me trur barn kan, vil, får det til!
Læringssynet vårt:
- barn lærer på ulike måter i ulikt tempo
- barn lærer gjennom gode opplevingar og ved å vera aktive sjølv
- barn lærer gjennom samhandling med andre