Lye skule ønskjer alle ei riktig god jul og eit godt nytt år. Takk for godt samarbeid!
Me gler oss til å treffa alle elevane igjen fredag 3.januar kl 08.30.
Det har alt i alt vore ein fin haust på Lye skule. Me fekk feira at skulen har blitt 40 år med kjekk 80-tals dans ved 6.trinn og bursdagskake med heile skulen i aulaen.
Tradisjon tru har me gjennomført nissemarsj, håndballturnering, julegudsteneste og fellessamlingar.
Eg vil takka alle tilsette, elevar og foreldre for at de er med gjer slik at Lye skule er ein god plass å vera og ein god plass å læra.
God jul til alle saman. Ta vare på kvarandre!