Mange vinnarar i grublislotteriet!
Endeleg!
I dag var kalendergåva på 4. trinn «trekning i grublislotteriet»
Publisert: 17.12.2024 17:10 Sist endra: 17.12.2024 17:11 Forfattar: Margrethe Hauge og Solbjørg Holen
I haust har elevane på 4. trinn løyst matematikkgrublisar kvar veke. Grublisen har vore ei ekstra lekse, og løyst grublis har gitt eit grublislodd. Elevane har vore knallflinke og ivrige, og haugen med grublislodd har auka jamt og trutt. Foreldra har nok og fått litt å bryna seg på, og så har dei bidratt med gevinstar.
Det var 77 gevinstar då trekninga starta og lodda var mange. (Minst 300).
Spenninga og gleda var stor i klasserommet til 4a då trinnet var samla til trekning. Alle hadde hell, og nokon vann fleire gevinstar og flinke var dei til å dela.
Det var mange gjeve og fine gevinstar, men aller gjevast var nok ein boks med Coka Cola 😅.
Tusen takk for god innsats i grublislotteriet og tusen takk til foreldra som har bidrege med flotte gevinstar.