Meny
Velg Trinn eller SFO Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Tilgjengelegheitserklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Samtykke til skulefotograf, fotografering og film i skuletida

Fotografering og film av elevar er regulert av lov om personvern og datatilsynet. Skulen må difor henta inn samtykke frå føresette for at dette skal vera lov. Etter at elevane er 13 år skal dei sjølv samtykke til dette. 

I Time kommune er det utarbeida eit nytt system for samtykke i Visma Flyt skole som gjeld frå  august 2024. Føresette blir her bede om å gje 3 samtykke: 

Samtykke til bruk av bilete og film i skule og SFO i Time kommune  
Samtykke til å vera med på bilete tatt av skulefotograf 
Samtykke til deling av bilete/film i skulen sine sosiale media  

Det gamle samtykket til fotografering er ikkje gjeldande etter august.  

Skulefotografen kjem til skulen vår for å ta bilete av alle trinn 30. aug., 2. og 3. sept. Det vil då bli tatt klassebilete og portrettbilete. Det vil bli laga ein skulekatalog. Den vil innehalda klassebilete og portrettbilete av alle trinn og personalet.

Me ber om at alle føresette går inn og gir samtykke så raskt som mogleg. De kan gje samtykke via app’en “Min skule- foresatt" eller via “Foreldreportalen” i Visma Flyt skule som de finn til høgre på skulen si heimeside.

Det gamle samtykket til fotografering er ikkje gjeldande etter august.