Meny
Velg trinn/seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Informasjon veke 38-39

Det blir gjort mykje bra arbeid, og mange elevar viser modning og motivasjon. Det er kjekt å sjå god framgang. 


Fagdag-sykkeltur
På tysdag i veke 38 skal 10. trinn på fagtur - me skal besøka og få omvisning i Time kyrkja og på Garborgheimen. Me skal sykla, så fint at de alle tek ein sjekk på at sykkelen er i orden. Alle elevane må ha hjelm, me brukar vanleg sykkel, ikkje el-moped. 
Dei som har arbeidslivsfag møter til fyrste time denne dagen, og får avspasera dette ved ein seinare anledning. 
 
Foreldremøte 
Torsdag 19. September kl 18.00 er det foreldremøte i Aulaen. Det vil blant anna bli mykje informasjon om vidaregåande skule. Viktig at føresette møter opp på møtet.  
 
Utdanningsval 
I veke 39 skal elevane ha utdanningsval (UTV). Elevane skal då bli kjent med eit nytt utdanningsprogram på vidaregåande skule. I løpet av veka skal elevane vera med  på turar til universitet og ulike bedriftar og elevane skal arbeida i ein bedrift. Kvar elev har fått ein oversikt over kor dei skal vera til ein kvar tid. Denne oversikten kan ein finna på ON Utdanningsval. 
Helsing oss på 10.trinn