Meny
Velg trinn/seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Samtykke til skulefotograf, fotografering og film i skuletida

Fotografering og film av elevar er regulert av lov om personvern og datatilsynet. Skulen må difor henta inn samtykke frå føresette for at dette skal vera lov. Etter at elevane er 13 år skal dei sjølv samtykke til dette.

I Time kommune er det utarbeida eit nytt system for samtykke i Visma Flyt skole som gjeld frå august 2024. Føresette/ elevar ved fylte 13 år blir her bede om å gje 3 samtykke: 
1. Samtykke til bruk av bilete og film i skule og SFO i Time kommune  
2. Samtykke til å vera med på bilete tatt av skulefotograf 
3. Samtykke til deling av bilete/film i skulen sine sosiale media  
Det gamle samtykket til fotografering er ikkje gjeldande etter august. 

Skulefotografen kjem til skulen vår 28. - 30. august og det vil bli tatt klassebilete og portrett av kvar elev. Det blir og laga skulekatalog med alle elevane.

Me ber om at føresette til dei som ikkje har fylt 13 år går inn og gjer samtykke så fort som mogleg.

Til føresette som har barn som er fylt 13 år, kan de be eleven sjølv svara på samtykkeskjemaet inne i dykkar visma-portal/app. De kan gje samtykke via app’en “Min skule- foresatt" eller via “Foreldreportalen” i Visma Flyt skule som de finn til venstre på skulen si heimeside.

Me ser at fleire allereie har svart på dei nye samtykka, de kan sjå bort frå denne beskjeden.