Meny
Vel side Klasse 4 b
Sagstadvegen 76 5918 Frekhaug
Telefon: 56 17 13 00 Send e-post til oss
Redaktør: Magne Lædre
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Det er 1 dokumenter i arkivet.

Det har vore mykje kjekt som har skjedd på skulen den siste veka og her kjem litt av tinga som har føregått😊

Tysdag 11.juni gjennomførte vi Open skule på ettermiddag og det var kjekt å sjå kor mange føresette, besteforeldre og søsken som deltok. Kvart trinn på skulen hadde laga sitt eige tema og det var ope for at alle kunne ta turen innom romma for å sjå kva dei hadde planlagt. Det var eit spanande og variert program med presentasjonar, dans, samarbeid, basar konkurransar og problemløysingsoppgåver. 6.trinn hadde ansvar for kafeen og vi vil takke alle som hadde bakt til dagen.

Onsdag 12.juni reiste alle dei flinke trivselsleiarane våre med buss til ein kjekk «takk for innsatsen dag» på Åsane bowling. Denne dagen hadde dei sett fram til og stemninga var på topp heile dagen. Trivselsleiarane har gjort ein strålande innsats i friminutta og sett i gong så mykje god aktivitet for andre. Tusen takk!

Torsdag 13.juni hadde 2.trinn storfint besøk av forfattaren Vegard Markhus og dei fekk synge den fine songen «male himlen blå». Vegard har vore på besøk hos oss tidlegare og det er like kjekt kvar gong. Frå sist besøk vart det laga fleire ulike bilete etter elevane sine ord. Bileta er ramma inn og heng på veggen innanfor den eine hovudinngongen på Lilleplassen. Det er stas for elevane å kjenne att bilete dei var med å laga.

Fredag 14.juni vart regnbogeflagget heist på skulen som ein avslutning på veka der det har vore eit ekstra fokus på mangfald og inkludering i klassane.
Vi ynskjer alle ein flott siste veke på skulen før sommarferie :)