Meny
Vel side Framside
Sagstadvegen 76 5918 Frekhaug
Telefon: 56 17 13 00 Send e-post til oss
Redaktør: Magne Lædre
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Pålogging heimesida
Pålogging heimesida - ansatte
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juni 2024><<
juni 2024
mtotfls
27282930310102
03040506070809
10111213141516
17181920212223
24252627282930
01020304050607

Det har vore mykje kjekt som har skjedd på skulen den siste veka og her kjem litt av tinga som har føregått😊

Tysdag 11.juni gjennomførte vi Open skule på ettermiddag og det var kjekt å sjå kor mange føresette, besteforeldre og søsken som deltok. Kvart trinn på skulen hadde laga sitt eige tema og det var ope for at alle kunne ta turen innom romma for å sjå kva dei hadde planlagt. Det var eit spanande og variert program med presentasjonar, dans, samarbeid, basar konkurransar og problemløysingsoppgåver. 6.trinn hadde ansvar for kafeen og vi vil takke alle som hadde bakt til dagen.

Onsdag 12.juni reiste alle dei flinke trivselsleiarane våre med buss til ein kjekk «takk for innsatsen dag» på Åsane bowling. Denne dagen hadde dei sett fram til og stemninga var på topp heile dagen. Trivselsleiarane har gjort ein strålande innsats i friminutta og sett i gong så mykje god aktivitet for andre. Tusen takk!

Torsdag 13.juni hadde 2.trinn storfint besøk av forfattaren Vegard Markhus og dei fekk synge den fine songen «male himlen blå». Vegard har vore på besøk hos oss tidlegare og det er like kjekt kvar gong. Frå sist besøk vart det laga fleire ulike bilete etter elevane sine ord. Bileta er ramma inn og heng på veggen innanfor den eine hovudinngongen på Lilleplassen. Det er stas for elevane å kjenne att bilete dei var med å laga.

Fredag 14.juni vart regnbogeflagget heist på skulen som ein avslutning på veka der det har vore eit ekstra fokus på mangfald og inkludering i klassane.
Vi ynskjer alle ein flott siste veke på skulen før sommarferie :)


Kontaktlærarkabalen for neste skuleår er no klar. 

I dag har elevane på 1-2.trinn hatt felles 17.mai aktivitetar i strålande solskinn. Dei starta dagen med felles tog som gjekk frå Lilleplassen, rundt skulen og vart avslutta på Fossemyra. I toget gjekk kvart trinn med si eiga fane og elevane ropte høgt HURRA.
Då dei kom ned til Fossemyra, dansa alle felles blimE dans og dansen frå «Dovre faller». Etter dansen vart det sett opp ulike aktivitetar kor elevane kunne velje sjølv kva aktivitet dei ville vere med på. Det var blant anna aktivitetar som boksekast, ringspill, fotball, potetløp og tautrekking.
Vi hadde ei fin økt med god stemning og glade barn som gler seg til den store dagen i morgon.
Gratulerer med dagen, alle saman. Vi håper de får ei fin 17.mai-feiring i morgon 😊

Ei jentegruppe på 7. trinn har jobba med vennskap. Det har vore ein kjekk og lærerik prosess. Ord og uttrykk om vennskap har blitt hengt opp på ei oppslagstavle - ei påminning til alle som går forbi. Verdt å dele ;)

Den travle skulekvardagen blei hakket meir travel då vi bikka desember. No skulle adventssamlingar, øving til juleavslutningar, juleverkstad og litt adventskos inn på timeplanen. I tillegg fekk vi mange flotte vinterdagar og moglegheit til å booke tid på isen. Den siste veka har vore så som så med tanke på vèret, men i dag er det kvitt ute igjen. Det gjenstår å sjå om det blir ei kvit jul. 

Med ønskje om fine førjulsdagar og god jul når den kjem!

1. skuledag etter nyttår blir tysdag 2. januar kl 08:30. 

Den tredje torsdagen i oktober er refleksens dag. I år faller den på 19. oktober, som er i dag. Då er det greitt å minne om at det er på tide å finne fram refleksvesten og gjerne feste refleks på jakker og sekkar. Jo meir refleks ein bruker, jo meir synleg er ein i mørket. 

Dei som syklar må ha lys både foran og bak og i tillegg refleks bak på pedalane. Dette er påbudt. 

I dag kom NRK på hjul til Sagstad skule - med Superbussen. Elevane på 1.-6. trinn fekk servert eit fantastisk sceneshow med to ernergiske programleiarar frå NRK Super. I tillegg var Fantorangen å sjå på scena. Dei hadde innslag frå kjende program frå NRK Super, som Labyrint, Newton og Supernytt. Dei hadde og eit par lokale saker frå Sagstad skule, til stor jubel blant elevane. 

Elevar i 2. - 10. årstrinn som bur meir enn fire kilometer frå skulen har rett til gratis skyss. For elevar i 1. årstrinn er skyssgrensa to kilometer. Den einskilde skule ordnar med skuleskyss for dei som har rett på det.