Vi er no inne i ei tid der det er mørkt og mykje dårleg vær. Vi ser då at trafikkmengda til skulen aukar om morgonen.
I samband med det vil eg gjerne minne om det felles ansvaret vi har for at alle elevane våre kjem seg trygt til og frå skulen.
Vi vil rette merksemda mot ei viktig sak som gjeld
trafikkavviklinga rundt skulen, spesielt om morgonen når mange elevar blir
køyrde til skulen. Den noverande trafikksituasjonen er ofte kaotisk og
uoversiktleg, og dette skaper farlege situasjonar for både elevar og andre
trafikantar.
Vi ber om at alle følgjer det etablerte
køyremønsteret, som vist på biletet. Dette mønsteret er utforma for å sikre
trygg og effektiv av- og påstiging av elevar. Vi vil spesielt understreke at
det å sleppe av elevar ved busstoppet nær parkeringsplassen og deretter
gjennomføre U-sving i vegen skapar farlege situasjonar for elevar som ferdast i
området, noko vi må unngå.
Om du som føresett treng ekstra tid saman med barnet
– anten det er for ein klem, justering av klede, eller at du ønskjer å følgje
barnet heilt opp til skulen – ber vi om at du parkerer på parkeringsplassen.
Bussløyfa er berre for rask avstiging. Unngå å ta deg god tid eller parkere der
for å følgje barnet opp til skulen, slik at trafikken kan flyte jamt og alle
elevane er trygge. Dette gjeld og etter skule- og SFOtid. Treng du parkere for
å vente på nokon, nytt parkeringsplassen. Det er ikkje greitt å parkere i
bussløyfa eller i vegen opp til skulen.
Vi oppmodar også alle om å sjå musikkvideoen som FAU
har laga om trafikktryggleik. Den inneheld nyttige tips om korleis vi kan bidra
til ein tryggare skuleveg.
https://www.youtube.com/watch?v=9gxrb_XV7sw
Vi er uroa for tryggleiken til elevane, særleg på
grunn av den store trafikkmengda om morgonen. Trafikken vil bli mykje betre om
fleire elevar går eller syklar til skulen, og vi oppmodar alle til å vurdere
dette dersom det er mogleg.
Til slutt vil vi påpeike at bussvaktene, som er der
for å hjelpe til med trafikkavviklinga, dessverre har opplevd å få ufine
kommentarar frå enkelte foreldre når dei gjev rettleiing. Vi ber om at de møter
dei med respekt – dei er der for å sikre tryggleiken til barna våre.
La oss saman gjere skulevegen tryggare for barna
våre.