Meny
Vel side Framside
Sagstadvegen 76 5918 Frekhaug
Telefon: 56 17 13 00 Send e-post til oss
Redaktør: Magne Lædre
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Pålogging heimesida
Pålogging heimesida - ansatte
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<november 2024><<
november 2024
mtotfls
28293031010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293001
02030405060708
Hovudlus

Hovudlus er små insekt som lever i hodebunnen og suger blod for å overleve. Dei spreier seg hovudsakleg gjennom direkte kontakt mellom menneske. Hovudlus er ikkje farleg, men kan bli plagsom for dei som blir ramma. Hyppig sjekk med lusekam aukar sjansen for raskt å oppdage hovudlus, som igjen reduserer sjansen for å smitte andre. Folkehelseinstituttet anbefaler at barn blir sjekka for hovudlus ein gong i månaden. Om det blir oppdaga hovudlus i nærmiljøet, bør ein sjekke ein gong i veka. Barn som har hovudlus treng ikkje vere heime frå skulen, men behandling bør komme i gang raskast mogleg. 

Korleis sjekke for hovudlus?

• Grei håret med ein lusekam (kjøpast på apotek).
• Grei heile vegen frå hodebunnen til hårspissane.
• Grei i vått hår, då det hemmer lusa si rørsle. Nytt gjerne balsam for å kjere kjemminga lettare. Om ein grer i tørt hår, anbefalast det å stå bøygd over eit kvitt håndkle eller liknande.
• Tørk av kammen på eit papir eller håndkle etter kvart drag og sjå etter lus.

Det er tre gode måtar å bli kvitt hovudlus:

• Behandling med lusemiddel som inneheld dimetikon (kjøpast på apotek).
• Dagleg kjemming av håret med lusekam i 14 dagar.
• Klippe håret kortare enn 0,5 cm.

 Meir informasjon om hovudlus finn ein på www.fhi.no/lus