Meny
Velg trinn eller SFO Framside
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Brukarundersøking i SFO

Til føresette ved SFO.
Di meining er viktig!
Vi ønsker å gje ungane eit best mogleg tilbod ved vår SFO og ved SFO-tilboda i Time kommune.
For å gjera dette treng me informasjon frå dei føresette om deira erfaringar og meiningar om SFO-tilbodet. Tilbakemelding kan du gje oss gjennom brukarundersøkinga som no skal gjennomførast.
Informasjonen  som kjem inn gjennom brukarundersøkinga blir brukt i kvalitets- og  forbetringsarbeidet ved vår SFO og i skuleeigar sitt arbeidet med kvaliteten på SFO-tilbodet i  heile kommunen. Resultatet av undersøkinga blir rapportert til utval for levekår i Time kommune,  slik at dei kan leggja dykkar  meiningar til grunn for sine avgjerder.
Om gjennomføringa:
Undersøkinga er anonym og kan ikkje sporast tilbake til deg. Du treng om lag 5 minutt  til gjennomføringa.
Alle føresette (både mor og far) får tilsendt e-post med link til pålogging og passord. Til utsending bruker vi e-postadressa som er registrert på deg i Visma flyt skule. Om du ikkje mottar e-posten, må du snarast melde frå til SFO. Då har me ikkje rett adresse. Me må ha tilbakemelding innan 31.03.2025 om adressa er feil.

Det blir send ut pålogging for kvart barn i SFO. Tre av spørsmåla er retta mot barnet sin trivsel og tryggleik, og det er difor nødvendig med ei tilbakemelding for kvart barn. Om du har fleire barn som har tilbod ved SFO, vil du med andre ord få ei brukarundersøkinga for kvart barn.
Undersøkinga vert send ut 24. mars og er open fram til 06.april.
Me håpar at du vil setje av nokre minutt for å gjera dette.

Takk for hjelpa!