Bryne skule er med i Trivselleiarprogrammet.
Målet med trivselprogrammet er:
● auka og meir variert leik/aktivitet i matfriminutta
● leggja tilrette for at elevar skal kunne byggja gode vennskapsrelasjonar
● redusera konflikter blant elevar
● fremma verdiar som inkludering, vennlegheit og respekt
Kvifor satsa på meir aktivitet i friminutta?
Fysisk aktivitet er godt både for psykisk og fysisk helse, for læringsmiljø og læringsutbytte. Leikar og aktivitetar er med på å skape ein arena der elevane kan byggja gode relasjonar med kvarandre og få eit inkluderande læringsmiljø. Å ha venner er ein beskyttelsesfaktor mot mobbing. I Olweusprogrammet kjem det fram at positiv aktivitet i skulegarden med synlege vaksne rundt er med på å forebygge mobbing.
Dersom du vil lesa meir om trivselleiarprogrammet kan du sjå her http://www.trivselleder.no/