"Me vil gje elevane lyst på livet, og evne til å meistra det"
Me ønsker ein skule der alle elevar opplever å ha det trygt og godt. Me ønsker å byggja eit fellesskap der det er plass til alle, der elevane får visa og bruka sine styrkar og der dei ser styrkar hos kvarandre. På Bryne skule er me alle eit lag. Elevane skal få utfordringar, bli engasjerte og få mange erfaringar både fagleg og sosialt. I løpet av tida på Bryne skule skal elevane leva, veksa og læra akkurat slik me syng om i sangen vår.
Bryne skule sangen:
Bryne skule sangen (youtube)
Ikkje langt frå Bryne sentrum der ligge skulen vår.
Han æ gammale å nye, han æ fine.
Der ska me gå på skule i sju lange, goe år.
Mens regnet pøse ner og solå skine.
Ref:
Ja, her på Bryne skule, her liga me oss godt.
Her trivest me, her æ det godt å væra.
Her ska me synga, lega, dansa og teina møje flott.
Her ska me leva, ska me veksa å læra.
Ja, her ska me vera samen, her skal me veksa opp.
Her ska me læra møje om å leva.
Ja, når me æ litt leie oss, og når dæ æ heilt topp.
Når livet smile å når me må streva.
For her ska me læra lesa, her ska me skriva dikt.
Her ska me hoppa tau å læra ganga.
Her ska me spenna fotball, hiva taghys å alt slikt.
Her ska me læra mange fine sanga.
Laga av Heidi Strand Harboe