Bryne skule er praksisskule for lærarutdanninga på Universitetet i Stavanger. Me tek kvart år imot fleire grupper med studentar som skal læra praksisfeltet å kjenna.
Det å ha studentar hjelper oss å vera framoverlente, og gjer at me ofte må reflektera over god praksis. Studentane skal ha 100 dagar med veileda praksis i løpet av studietida si.
Det er laga ein eigen plan som blir brukt i møtet med studentane. I praksisplanen står det mykje meir om kva studentane skal læra i perioden dei er hos oss.