Foreldretreff om sosialt samspel
19.november kl.1700-18.30 blir det foreldremøte i Bryne skule aula. Time kommune har inngått eit samarbeid med Sterk&Klar, eit førebyggingsprogram drive av IOGT i
Noreg med støtte frå Helsedirektoratet.
Målet med Sterk&Klar er å gjere deg tryggare i foreldrerolla. Vi ønskjer å gje deg kunnskap og
verktøy som kan betre dialogen med barnet ditt inn i ungdomstida
Mot slutten av barneskulen meldar det seg ofte nye problemstillingar i forhold til barns sjølvforståing og sosiale samspel med kvarandre. Korleis kan du som forelder forstå barnet ditt i denne perioden? Kva slags dilemma står ein ofte oppe i som forelder? Kva kan vaksne gjere når det er sosialt vanskeleg i ei gruppe, til dømes med konfliktar, krangling eller utestenging? Og korleis kan ein som forelder gjere barnet sosialt robust og klar for ungdomsskulen? Dette er nokre av spørsmåla Kirsten vil svare på i dette foredraget.
Alle føresette bør få med seg dette foredraget i Sterk&Klar. Me ønsker foreldre til 7.klassingar på Hognestad og Bryne skule velkommen til møte!