I dag har 4. Trinn hatt uteskule i Ungdomskogen. Før me gjekk ut såg me filmar og las tekstar om tre. Me lærte om ulike typar lauvtre og bartre. Elevane fekk eit læringsoppdrag som dei skulle arbeida med i skogen. Dei skulle ta bilete av ulike tre og skriva faktatekst som høva til bileta. Elevane arbeidde saman med lærevennane sine. Oppgåva engasjerte og elevane undra seg i lag i skogen. Etter lunsj var det frileik i skogen. Elevane bygde hytter, sparka fotball og leika ilag. Då me kom tilbake til skulen laga me kunstbilete der me nytta blad som me fann i skogen.
.