Fotografering og film av elevar er regulert av lov om personvern
og datatilsynet. Skulen må difor henta inn samtykke frå føresette for at
dette skal vera lov. Etter at elevane er 13 år skal dei sjølv samtykke til
dette.
I Time kommune er det utarbeida eit
nytt system for samtykke i Visma Flyt skole som gjeld frå august 2024.
Føresette/ elevar ved fylte 13 år blir her bede om å gje 3 samtykke:
1. Samtykke til bruk av bilete og film i skule og SFO i Time kommune
2. Samtykke til å vera med på bilete tatt av skulefotograf
3. Samtykke til deling av bilete/film i skulen sine sosiale media
Det gamle samtykket til fotografering er ikkje gjeldande etter
august.
Skulefotografen kjem til skulen vår 21.-23. august og det vil bli tatt klassebilete og portrett av kvar elev. Det blir og laga skulekatalog med alle elevane.
Me ber om at føresette til dei som ikkje har fylt 13 år ennå går inn og gjer samtykke så fort som mogleg. De kan gje samtykke via app’en “Min skule- foresatt" eller
via “Foreldreportalen” i Visma Flyt skule som de finn til venstre på skulen si
heimeside. Skulen vil innhenta samtykke frå elevane over 13 år før fotografering.