Å gå natteravn er ein kjekk og meiningsfull dugnad for å trygge ungdom i lokalmiljøet og å vise at me vaksne bryr oss. Tilbakemeldingar frå både ungdommer sjølv, andre vaksne og politiet er at det er trygt å vite at edru voksne er ute som natteravner, er tilgjengeleg og tilstade for å observere og kunne hjelpe der det trengs.
Natteravnvandring laurdag kveldar blir no fordelt mellom Vardheia ungdomsskule og Bryne ungdomsskule. Dugnaden blir då fordelt på enda fleire foreldre og klassar i løpet av eit år. Når klassekontakt spør foreldre om å stille, oppfordres de til å vere kjappe med å respondere og gje litt av tida dykkar og bli med som natteravn. Viktigheten av at vi som foreldre bryr oss er gull verdt!
Datoar for Vardheia våren 2023:
11. februar - 9A
18. februar - 9B
25. februar - 9C
11. mars - 9D
18. mars - 8A
25. mars - 8B
15. april - 8C
22. april - 8D
29. april - 8E
6. mai - 10A
13. mai - 10B
Oppmøte: Hotell Jæren
Klokkeslett: 20.30-00.30 (dette kan verte endra, men då får de beskjed.)