Vardheia er ein ungdomsskule som er under bygging i Time kommune. Skulen vil ha plass til 450 elevar og er eit samarbeid mellom Klepp og Time kommune.
Vardheia ungdomsskule er bygd for å vera i tråd med samfunnsutviklinga og innhald i ny læreplan. Den skal stimulera til aktive og skapande elevar i eit flott inne- og utemiljø. Skulen er bygd for praktisk og skapande arbeid med kreative soner og lokalitetar for ulike arbeidslivsfag med inspirasjon frå vidaregåande skule, samt eige kreaktivt rom for spelbasert læring. Uteområdet har soner som stimulerer til ulike fysiske aktivitetar, og for læring på sosiale møteplassar.
Vardheia opnar dørene august 2021.