Jobbskygging 8. trinn
Jobbskygging 8. trinn, 21.mars 2025
Jobbskygging 8. trinn i veke 12 (fredag 21. mars)
På Vardheia ungdomsskule tenkjer me heilhetleg rundt utdanningsval og val av karriere. På 9. trinn er dei ute ei heil veke i arbeidspraksis. Dette skjer på våren på 9. trinn. På 10. trinn er dei på hospitering på vidaregåande skular.
Vi ønskjer med dette å la elevane på 8. trinn kjenne på korleis eit arbeidsliv fungere med å starte ein dag for å få innsikt i arbeidslivet. Då får dei ein liten forsmak på det som ventar dei på 9. trinn. Hensikten er å gje elevane eit første møte med arbeidslivet i trygge omgivnader. Alle elevane vel ein arbeidsplass som dei sjølve tek kontakt med, eventuelt med hjelp av de som foreldre. Elevane har med ein arbeidskontrakt som både bedrift, skule, elev og føresette fyll ut.
Målet med jobbskygging er at elevane får ein forståing av korleis ein arbeidsdag artar seg og kva den vaksne eleven skal følgje har gjort for å få sin stilling.
Dato for jobbskygging er fredag 21. mars 2025.
Arbeidskontrakt leverast kontaktlærar før vinterferien altså fredag i veke 8, 21. februar 2025.
Elevane lagar eit notat, der dei skriv litt om den arbeidsplassen dei valte, kvifor og kva arbeidsoppgåver dei gjorde denne dagen. I tillegg kva den vaksne elevane jobbskyggjar har gjort for å få den stillinga. Notatet blir oppretta i showbie i forkant av jobbskygginga.
Kva er hensikta med jobbskygging?
Praktisk innsikt: Elevane får ein realistisk forståing av kva ein jobb inneber ved å observera ein profesjonell i arbeid.
Karriereutforsking: Det gjer elevane moglegheiter til å utforske ulike yrker og vurdere om dei kan vere interesserte i ein bestemt karriere veg.
Kompetanseutvikling: Elevane lærar om nødvendige ferdigheitar og kvalifikasjonar for ulike jobbar, noko som kan hjelpe dei med å planlegga sin eigen utdanningsveg.
Nettverksbygging: Gjennom jobbskygging kan elevane knytte kontaktar i arbeidslivet, noko som kan vere nyttig for framtidige jobb- og praksismoglegheiter.
Motivasjon: Å sjå korleis kunnskap frå skulen brukast i praksis kan dette auke elevens motivasjon for læring.
Mvh
Tom Kenneth Naglestad
(Rådgjevar Vardheia ungdomsskule)