Meny
Velg seksjon 6. trinn
Uteflorsvegen 12 5392 Storebø
Telefon: 55 08 13 25 Send e-post til oss
Redaktør: Vibecke Storebø
Mellomtrinnet på Storebø skule hadde leseveke i veke 12. Hovudoppgåva deira denne veka var å oppklare ei sak for politiet i Austevoll. Med utgangspunkt i den verkelege verda, har dei løyst den fiktive saka "Møksterkrone-mysteriumet".

Fredag 27. mars vart det arrangert kommunefinale i Ungt Entreprenørskap for Austevoll kommune. To grupper frå Storebø skule deltok i konkurransen, saman med to grupper frå Selbjørn skule og Kolbeinsvik Montessoriskule. Det vart ei spennande tevling, der Kolbeinsvik til slutt trekte det lengste strået og sikra seg plass i fylkesfinalen.
Etter konkurransen fekk deltakarane ei omvisning på Austevoll vidaregåande skule. Der fekk vi mellom anna prøve ein båtsimulator, der vi kunne styre og køyre båt, og vi fekk også sjå den nye fiskehallen som nyleg er opna ved skulen.

Kulturskulen har spanande tilbod innan musikk, dans, biletkunst og teater.
Alder:
Tilboda gjeld frå 1. klasse og oppover, avhengig av kva fag det vert søkt på.
For å søkje elevplass, eller for å lese meir om kva kulturskulen kan tilby,
sjå nettsida til Austevoll kommune.

Nokre bilete frå skulelunsjen til elevane.