Meny
Velg seksjon 3. trinn
Uteflorsvegen 12 5392 Storebø
Telefon: 55 08 13 25 Send e-post til oss
Redaktør: Vibecke Storebø
3 og 4. trinn fekk i dag vera med på Den kulturelle skulesekken og sjå framsyninga “Løs tann”. Me var  aktive og eit godt publikum, der  me fekk bevega oss etter lydar, rørsle og rocka til musikk deira. Knut kunne lage all slags dyre lyder. Og elevane kom med forslag til skjeldne dyr som han skule lage lydar etter. Kjekt!

I 3. klasse var vi på kanotur til Fleskaryggen, og det vart ein tur vi kjem til å hugse lenge. Det pøs regna.
Å padle kano i regn var kjekt, Vi måtte samabeida for å komme avstad.
Alt i alt var det ein våt, men veldig kjekk tur!


I dag gjekk 3. trinn tur rundt Vinnesvatnet. Det var ein fin og kjekk dag med godt vêr. Vi gjekk saman og prata med vennene våre undervegs. På turen hadde vi fleire aktivitetar og moro. Vi  leika, sprang og utforska naturen. Vi tok ein pause og åt matpakka vår før vi gjekk vidare. Alle var glade og hadde det kjekt. Det vart ein flott dag som vi kjem til å hugse lenge.

På tur til bondegarden på Hufthammer fekk me læra mykje om livet på garden og korleis mjølkeproduksjon fungerer. Bonden fortalde at dei produserer rundt 3000 liter mjølk på tre døgn. Me lærte òg at kua er drektig i ni månader før ho føder ein kalv.
Det var spennande å sjå korleis kyrne gjekk sjølve inn til mjølkemaskina for å bli mjølka av ein robot som var datastyrt. Me fekk òg sjå då kyrne blei sleppte ut. Inne i fjøset såg me kalvar som berre var ei veke gamle. Kyrne drakk vatn og åt kraftfôr frå ein kraftfôrmaskin, og dei hadde høy liggjande på golvet.
Me fekk sjå mjølka samla i ein stor tank før ho blei henta av meieribilen og sendt til Bergen for pasteurisering og homogenisering.
Elevane og lærarane hadde ein veldig lærerik og kjekk dag. Tusen takk til Bjørn Inge og Ingolf for flott omvisning!