Meny
Velg seksjon 2. trinn
Uteflorsvegen 12 5392 Storebø
Telefon: 55 08 13 25 Send e-post til oss
Redaktør: Vibecke Storebø
Diverse dokument
Informasjon
Ordensreglar m tiltak Storebø skule
Vekeplan

I dag på Storebø skule såg vi eit lite glimt av korleis vi ofte er samla, men likevel ikkje "saman". Tre personar sat rundt eit bord, alle med hovudet ned i skjermane sine. Det var heilt stille, ingen snakka. Så begynte ein av dei å tromme på bordet og knipse med fingrane. Den andre såg opp, først litt irritert, men blei snart fascinert og byrja å henge seg på. Etter kvart starta dei begge på ein song med rørsler, og den tredje personen blei med. Snart var alle tre ute av skjermverda og inne i leiken. Men etter ein pip frå telefonane, var dei tilbake til skjermane sine, og leiken var over.

Inkluderande trivselsleiarar (TL) spelar ei viktig rolle i å styrke samhaldet og skape eit tryggare skulemiljø gjennom aktivitetar i friminutta. Konseptet Aktiv læring, som kombinerer fysisk aktivitet og læring, bidrar til ei meir engasjerande undervisning. Over 1400 grunnskolar i Noreg, Sverige og Island er ein del av dette programmet, som gir positive effekter på elevane sin trivsel. I dag er elevar frå Storebø Skule, Selbjørn Skule og Montessoriskule Kolbeinsvik samla til TL-kurs i Selbjørn Idrettshall. Ein fantastisk dag med 51 engasjerte og aktive elevar! 🤗

Tida før jul er her, og på 1. til 4. trinn har vi adventsamling i gymsalen! 🎄 Alle klassane får ein måndag kvar før jul, og vi gler oss til å vere saman desse dagane. Det er mange spennande aktivitetar og god stemning i vente! 🌟

Torsdag fekk 2 klasse fint besøk av forfattar Heidi S.D.Taranger som har skrive boka " Katten Rasken" Elevane likte  boka veldig godt. Dei fann ut kva kva som var intensjonen i boka. "Det er betre å spørje om lov, før ein gjer noko!

Heile gjengen takka for at Heidi ville ta turen til oss!