Meny
Velg seksjon Framside
Uteflorsvegen 12 5392 Storebø
Telefon: 55 08 13 25 Send e-post til oss
Redaktør: Vibecke Storebø
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2026><<
april 2026
mtotfls
30310102030405
06070809101112
13141516171819
20212223242526
27282930010203
04050607080910
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Detektiv for ei veke

Mellomtrinnet på Storebø skule hadde leseveke i veke 12. Hovudoppgåva deira denne veka var å oppklare ei sak for politiet i Austevoll. Med utgangspunkt i den verkelege verda, har dei løyst den fiktive saka "Møksterkrone-mysteriumet".
Møksterkrona er ei historisk brudekrone frå øya Møkster i Austevoll og vert regna som ei av Noregs vakraste og best bevarte brudekroner. Krona tilhøyrer i dag samlingane til Bymuseet i Bergen. I den fiktive saka elevane skulle løyse, vert Møksterkrona lånt ut til Austevoll Husflid og Kyrkjekontoret i Austevoll. Den skal vere utstilt i Austevoll kyrkje, men forsvinn sporlaust same dagen som den kjem på plass i glasmonteret. Lensmannsbetjent Håkon Trellevik ber elevane om hjelp til å løyse saka, og elevane på mellomtrinnet har gjort ein fenomenal innsats. Over 30 ulike dokument er lest, analysert og plukka frå kvarandre. Ein har gått gjennom avhøyr og vitneforklaringar, laga tidslinjer og til slutt kunne dei melde til politiet kven den meinte den skuldige var. Etter vidare avhøyr og undersøkingar, kunne Trellevik slå fast at elevane hadde løyst saka. Krona vart funnet og er no på plass i Bymuseets samling igjen. 
Main Image
Bilete 1 av 11