I dag har me i 4A vore så heldig at me blei skyssa over fjorden for å besøke brevvenane våre på Søre øyane skule :)
Ein fantastisk dag som starta med litt av eit øyeblikk på overfarten. Der dukka det opp ein flokk magiske skapningar, for ei oppleving!
Me vart møtt på kaien og teken med opp til skuleplassen, der elevane fekk utforske og leike saman ute og inne. Veldig poppis med karuselleike på skuleplassen, der vart det fart. Når det var tid for lunsj fekk elevane servert grandiosa og saft:) Etterpå gjekk me ut for meir leik, og ein hauststafett, strålande innsats av elevane!
Ein fantastisk gjeng å reise på tur med, og gode vener å besøke!