3. og 4. trinn var torsdag med på ei unik reise tilbake til middelalderen med den splitter nye familieforestillinga Er det lov? Her fekk både barn og vaksne utforske Noregs eldgamle landslov på Litteraturbåten Epos. Gjennom humor og drama møtte de kongar, riddarar og tiggarmunkar – og ikkje minst Magnus Lagabøte, kongen som ville skape orden i kaoset.
Visste du at biting var ulovleg i Noreg for 750 år sidan? I forestillinga «Er det lov?» får heile familien eller småtrinna ei leiken innføring i Norges eldgamle landslov. På Litteraturbåten Epos tar skodespelar Lina Taule Fjørtoft publikum med til ei fargerik og frodig middelalderverd der lovar og reglar blir levande.
Barna møter hemngjerrige kongar, krigerske riddarar, staute tingmenn og tiggarmunkar, samt kongen som prøvde å få litt orden i det heile: Magnus Lagabøte. Med manus og regi av Adele Lærum Duus, blir dette ei førestilling som både engasjerer, underheld og inviterer til refleksjon rundt rettferd og moral.
Førestillinga visast for fleire skuleklassar i samarbeid med kommunen, som ein del av Vestland fylke si markering av landslovjubileet – i samarbeid med Bergen kommune, Universitetet i Bergen, Bymuseet, og fleire andre kultur- og utdanningsinstitusjonar.
Litteraturbåten Epos