Montessoripedagogikken
vert kjenneteikna ved ein heilskapstankegong for barnet og barnet si utvikling,
psykisk og faglig.
På
bakgrunn av eigne studiar og observasjonar utvikla Maria Montessori ein metode
som både omhandlar pedagogikk og hennar grunnleggjande filosofi.
Den
norske grunnskulen, og spesielt den nyaste læreplanen, inneheld enkelte element
me kjenner att frå montessoripedagogikken, men heilskapssynet manglar. Det er sjølve særpreget ved
montessoriskulane. Pedagogikken byggjer på Maria Montessori sin filosofi om
korleis alt har ei større tyding; ikkje berre som verdi i seg sjølv, men òg i
forhold til alt anna. Om korleis universet vart til og grunnlaget skapt for
planter, dyr og mennesket sin eksistens. Om kor viktig kvart enkelt individ er
i den totale samanhengen.
Nokre
av dei viktigaste grunnpilarane i pedagogikken er respekt for enkeltindividet
og deira utvikling, det tilrettelagte miljø, montessorimateriell, og
aldersblanda grupper.
Maria
Montessori observerte at barnet utviklar seg gjennom fasar; som alle foreldre
veit, såg ho at barnet interesserer seg for ulike ting avhengig av alder. Ho
observerte òg at interesseforandringa følgde eit visst mønster, som er det same
for alle normale born, frå den aller tidlegaste vilja til å eta sjølv, læra seg
å gå og vidare til interessa for lesing, matematikk, verda og verdsrommet. Ho
kalla desse fasane for dei sensitive
periodane.
Pedagogikken
møter det enkelte barnet i sin sensitive periode. Barnet si nysgjerrigheit og
forskartrong, oppdagingsglede og iver etter å prøve ut, og lære nye ting vert
godt ivareteken. Dette er eit av hovudpunkta i montessoripedagogikken. Under
dei sensitive periodane er det den vaksne sitt ansvar og oppgåve å observere
barnet for å gje den rette stimulans på riktig tidspunkt.
Slik
tek me vare på læringsgleda og barnet sin naturlege kreativitet gjennom heile
skulegongen.
Fridom, sjølvstende og
orden
Barnet
har ei stor grad av fridom til å velje i læringsprosessen fordi ein veit at
barn lærer lettare når undervisninga er tilpassa det enkelte barn sitt
utviklingsnivå. For å kunna treffa dei sensitive periodane, må barnet bli gitt
fridom i stor grad. Fridom til å velja arbeidsoppgåve, samarbeidspartnarar og
moglegheit til å arbeida uforstyrra og uavbroten over ein lengre tidsperiode.
Fridomsomgrepet
i montessoripedagogikken kan lett missforståast om ein ikkje understrekar at
fridom tyder fridom til noko, og ikkje fridom frå noko. Ingen kan velje
å ikkje gjere noko. Den enkelte sin fridom må ikkje gå på kostnad av dei andre
sin fridom. Fridomen er avgrensa til handlingsrommet i eit nøye tilrettelagt
miljø med veltilpassa materiell.
Det tilrettelagte miljøet
Det
tilrettelagte miljøet er eit av grunnprinsippa i montessoripedagogikken.
Miljøet inkluderer klasserommet, materiellet og læraren, samt andre vaksne i miljøet
og medelevar.
Gjennom miljøet får barnet stimuli og inspirasjon, det vert gitt
tryggleik ved at alt har sin faste plass og er lett å finne. Rommet er innreia
etter fag, og har individuelle fargekodar. Barnet må vite kvar bøker, materiell
og midlar til informasjonshenting er, slik at han/ho kan planlegge og fullføre
dei arbeidsoppgåver han/ho har starta. Difor er det svært viktig at borna tek ansvar
for eige klasserom- og skulemiljø gjennom faste arbeidsoppgåver.
Meistringsglede
Ein
tek vare på barnet si naturlege interesse for å arbeida når interessa får vere
motiv for å søkja kunnskap. Då vil sjølv svært små barn gå inn i djupt
konsentrert arbeid over lengre tid. Born
lærer gjennom repeterande øvingar. Det er nesten som dei elskar å repetera
oppgåver dei meistrar. Dersom ein respekterer desse fundamentale sanningane,
vil ein skape eit miljø og ei atmosfære der barnet får utvikla seg til
harmoniske og sjølvstendige menneske.
Montessorimateriell
Hendene er hjernens redskap ( Absorbent
Mind, Maria Montessori)
Alle treng hjelp til å
læra, men sjølve innlæringa må ein kvar klare på eiga hand. Maria Montessori
utvikla undervisningsmateriell som på ein konkret måte vil hjelpa barnet på
vegen til å forstå eit abstrakt omgrep. Montessorimateriellet er utvikla for born
frå to-tre år og oppover. Gjennom det sansemotoriske materiellet vert alle
sansar stimulert. Materiellet føl ei logisk
oppbygging med stigande vanskegrad og er sjølvkorrigerande. Ikkje minst det
siste er viktig i forhold til barnet si meistringsglede og utvikling av eige
sjølvbilete. Materiellet er å rekne som eit hjelpemiddel og ein viktig del av
heile forståinga av pedagogikken. Alt
materiell er av god kvalitet og verkar tiltrekkjande på born når det innbyr til
bruk.
Det er eit av bornet sine oppgåver til ei kvar tid å sørgje for at
materiellet er i orden og syte for at det vert lagt tilbake på sin plass etter
bruk. Bornet lærer seg tidleg å dela eller å venta på tur sidan det normalt
berre er eitt eksemplar av kvart materiell. Det vert lagt vekt på at
materiellet ikkje vert brukt til anna enn det det er meint for, slik at
arbeidet skal bli meiningsfullt.Materiellet vert presentert for bornet, eitt for eitt, anten i gruppe
eller individuelt. Det vert valt av læraren etter bornet sin alder og sensitive
periode.
Aldersblanda grupper
I ein montessoriklasse
vil det alltid vera aldersblanda grupper. Born utviklar seg forskjellig og i
ulikt tempo. Dette er normalt.
Når det er aldersblanding innanfor ei gruppe, vil det vera vanskeleg å
samanlikna seg med andre. Ein som treng å bruka lenger tid på eit spesielt
felt, vil ikkje føla det som eit ‘nederlag’. Alle har godt av å gå inn i
forskjellige roller; dei yngste kan bli inspirert av dei eldre i gruppa og dei
eldste kan føla ansvar overfor dei yngre.
Ein god læresituasjon
er prega av tryggleik og tillit mellom borna, og mellom borna og dei vaksne. I
ei montessorigruppe skjer læringa individuelt, utan press, og borna lærer seg
til å sjå seg sjølv i forhold til eiga utvikling. Hjelp meg til å hjelpe meg
selv, sa Maria Montessori. Læraren i ein
montessoriskule har tre hovedoppgåver: å observera, å tilretteleggja
klasseromsmiljøet, å rettleia og presentera nye tema.
Montessoripedagogen
har ei viktig oppgåve i å sjå det enkelte bornet og gje han/ho oppgåver og
presentasjonar som møter bornet sitt modningsnivå og interesser. Læraren ‘sår
mange frø’ og gjer den hjelpa bornet treng til å gå vidare sjølv. Ingen får
meir hjelp enn det som er heilt naudsynt. Ei kvar unødig hjelp er til hinder
for bornet si utvikling. Gleda av å meistra og stadig utvikla seg vert halden
ved like gjennom heile skuletida.