Ølve Montessoriskule er ein privatskule med ein
tydeleg profil. Me driv etter Maria Montessori sine prinsipp om individuell
oppfølging av kvart enkelt barn, respekt, tillit og fridom innanfor faste
rammer.
Me ynskjer å byggja på den
ibuande lærelysta ein finn hjå alle born, og stimulera til læring og personleg
utvikling.
Montessoripedagogikken sitt mål
er å utvikla glede ved å læra, byggja opp sjølvstende og kreativitet, og på
skulen vår er me opptekne av at eleven skal få utvikla sin indre motivasjon.
Lange arbeidsøkter, aldersblanda grupper, og god tilgong på materiell og
fagbøker gjer borna god mogelegheit til å fordjupa seg i spanande tema.
Maria Montessori meinte at fred
i verda startar med borna. Ølve Montessoriskule samarbeidar med skular andre
stader, og borna både reiser til og får besøk frå andre land. Ved å få
forståing for andre kulturar og religionar, vil borna utvikla respekt og
toleranse for menneske, dyr og miljø. Me er ein nærmiljøskule, og nyttar oss av
dei ressursane som fins i nærleiken, både enkeltpersonar, bedrifter og
friluftsområda som er her. Skulen vår
skal vera ein trygg stad å vera for alle born.