Det er elevrådet si oppgåve å representere elevane på skulen overfor rektor og andre som bestemmer på skulen.
Det betyr at viss det er noko du ikkje er fornøgd med på skulen, kan du ta saka opp i elevrådet.
Det er vanleg at kvar klasse vel sin elevråderepresentant i byrjinga av skuleåret. Elevråderepresentanten i din klasse kan ta opp saker du og klassen meiner elevrådet bør ta vidare med rektor.
Elevrådet kan f.eks: vera med på å bestemme reglar på skulen, seie frå viss det er ekle do eller dårlig luft på skulen, fortelje lærarane korleis elevane vil at undervisninga skal være. I barneskulen skal det være med elevar frå 5., 6. og 7. trinn i elevrådet. Yngre elevar kan også bli valde.
I ungdomsskulen og på vidaregåande skule skal det være med elevar frå alle trinn.
Du kan lese meir om elevråd og elevrådsarbeid hos elevorganisasjonen. I opplæringsloven § 11-2 og § 11-6 finn du reglane om elevråd.