Trafikksikring handlar om å kunne bevega seg trygt i lokalmiljøet sitt, anten ein er fotgjenger, syklist eller bilist - barn, ungdom eller vaksen.
På skulevegen til og frå skulen gjeld vanlege trafikkreglar. Dei som sykler må nytta hjelm og dei som sparker er oppfordra til å ha hjelm. For dei som tek skulebuss er det viktig å halda reglane for av- og påstigning.
Ordinær skuleskyss. I opplæringslova Kapittel 4 § 4-1. står det om Rett til skyss til og frå skulen for elevar i grunnskulen.
Elevar på 1. trinn har rett til gratis skyss dersom dei bur meir enn to kilometer frå skulen. Elevar på 2. til 10. trinn har rett til gratis skyss dersom dei bur meir enn fire kilometer frå skulen.
Elevar har rett til gratis skyss dersom ein del av vegen er særleg farleg eller vanskeleg.
Elevar som treng skyss på grunn av nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom, har rett til gratis skyss til og frå skulen og skulefritidsordninga. Retten til skyss til og frå skulefritidsordninga gjeld ikkje i skuleferiane.
Elevar som har fleire heimar, har rett til skyss til og frå kvar heim som oppfyller vilkåra for rett til skyss.
Farleg skuleveg. Time kommune har gjort ei ny vurdering av vegane inn til Hognestad skule, Lye skule og Undheim skule. Dei har laga kart som viser kva vegar som er trygge å ferdast på for mjuke trafikkantar. På kartet er dei trygge vegane farga grøne og og dei som ikkje er trygg røde. Levekår i Time har vedteke at dei som må bruka dei røde vegane for å koma til skulen, kan søkja om skuleskyss sjølv om dei ikkje har krav på skyss på grunn av veglengda.
Dei som må nytta dei røde vegane for å koma til skulen, kan søkja skulen sin om skyss på grunn av farleg skuleveg.
De finn søknadsskjema og kart over farleg skuleveg til høgre i margen.
SK2110 skulebussruta frå Undheim til Lye ligg her
SK2101 skulebussruta ligg her