Desember er over, og for ein månad det har vore!
Me har hatt høgt fagleg trykk med både heil- og halvdagsprøvar, vurderingar og mykje anna spanande. Elevane våre har verkeleg stått på, og me unner dei ein velfortent juleferie – den er ikkje berre etterlengta, men nødvendig etter innsatsen deira.
I desember har rampenissen vore på ferde. På kveldstid har han funne på sprell og rampestrekar. Vonar han sluttar no.
På årets siste skuledag vart det verkeleg liv og røre i hallen. Britt Allis entra scena som vår eiga friheitsgudinne, Kjetil var dedikert dommar med fløyta på plass, og Knut viste imponerande engasjement i basket. Fredrik og Krister noterte mål med største presisjon, og Vigdis og Nicolay styrte klokka og passa på at kampane vart starta i tide. Både elevar og lærarar heia og skapte god stemning i hallen – ein perfekt måte å avslutta året på!
I løpet av hausten har me opplevd mykje kjekt saman. Kven kan gløyme den magiske Luciafeiringa eller Allehelgensaftens mystikk? Me har navigert oss gjennom Lye-labyrinten, fått nye (gamle) møblar til mediateket og arrangert ein engasjerande innovasjonscamp. Dette året har vore fullt av minner og opplevingar me tek med oss vidare.
No er me klare for å ta pause frå både rampestrekar, skulekvardag og julestress.
Me takkar alle elevar og føresette for året som har vore, og ønsker dykk ei fredfull jul og eit strålande nytt år! Me gler oss til oppstart fredag 3.januar 2025!