I dag har me markert Luciadagen på skulen med lys, song og varme lussekatter. Elevar og lærarar gjekk i eit stemningsfullt Luciatog gjennom gangane og delte ut lussekatter, til glede for store og små.
Tidlegare i veka var fleire jenter frå 10.trinn med og baka lusekattar til
heile skulen.
Me fekk og storfint besøk av ordføraren og
kommunedirektøren som kom med julehelsing og konfekt. Ei god avslutning på veka!
Tusen takk til alle som bidrog til ein
koseleg og minneverdig dag!
Ønskjer alle ei herleg helg!