Premietur til paintball for 8A
Onsdag førre veke var det endeleg dags for
8A å nytte hovudpremien frå innovasjonscampen. Heile klassen, med hjelp frå
føresette, vende snuten mot Sola for å prøve oss på ein runde med paintball.
Ein kjekk oppleving- me storkoste oss frå start til slutt!
Publisert: 29.11.2024 16:41 Sist endra: 29.11.2024 16:44 Forfattar: Amalie Slyk
Det var fleire gira og spente elevar som
sat i bilane. Før me fekk kome i gang med sjølve spelet, fekk både elevar og
vaksne ei grundig innføring i reglar og tryggleik, samt ei omvising for å bli
kjende med banen. Me lærte mellom anna at det ikkje er eit våpen, men ein
markør, og litt om korleis dei fungerer, noko fleire syntest var interessant.
Deretter vart me delte opp i lag: svart,
raudt og blått. Det blå laget var spesielt nøgd med å få med seg Amalie (OSR).
Dei andre laga var truleg endå meir nøgde med denne ordninga, sidan dei fekk
moglegheit til å pepre ho med kuler utan å få merknad. Så var det endeleg klart
for start! Me hadde fleire rundar der me rullerte mellom laga, med to lag som
spelte mot kvarandre i kvar runde, medan resten sat i hovudkvarteret og følgde
nøye med på skjermane for å sjå kva som gjekk føre seg på banen. Etter mykje adrenalin,
spenning, kuler og treff stod det raude laget igjen som vinnar. Me gratulerer
dei med sigeren!
Tusen takk til Reke Event for bidraget og
ikkje minst for det fantastiske opplegget og den flotte dagen de gav oss! Me
storkoste oss – fleire av elevane og dei vaksne kunne gjerne gjort dette igjen,
nok aller helst kvar einaste dag. Det var fornøgde elevar og vaksne som vende
snuten tilbake til ungdomsskulen. Takk til elevane i 8A for godt humør og
kameratskap, og ikkje minst til føresette som bidrog med køyring – det set me
stor pris på!
Ønskjer alle ei herleg helg !