Uhuuu
Publisert: 01.11.2024 17:32 Sist endra: 01.11.2024 17:32 Forfattar: Eva Madeleine Auglend
Årets Halloween-feiring vart eit fyrverkeri av ein dag! På Lye U var det reine karnevalsstemninga, og det er jammen ikkje godt å seie kven som kosa seg mest – elevane eller dei vaksne. Elli (8B) gjorde reint bord og tok heim førstepremien for beste kostyme! Andreplassen tok Håkon (9A), medan tredjeplassen vart sikra av Sondre (8A). Også blant dei vaksne var spenninga til å ta og føle på, kven ville vinne blant personalet? Etter ein spanande røysting stakk Eva Madeleine av med sigeren for andre året på rad.
8A stilte sterkt med flest kostymer i klassen og fekk difor ei kake av Grete. Samtidig var 10. trinn på skuletur til Polen, der dei fekk oppleve Halloween i sjølvaste Krakow. Det var stor stas, men me sakna dei her på LUS.