Meny
Velg seksjon Framside
8.trinn
9. trinn
10. trinn
Det er 3 dokumenter i arkivet.
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<november 2024><<
november 2024
mtotfls
28293031010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293001
02030405060708
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Samtykke til skulefotograf, fotografering og film i skuletida

Fotografering og film av elevar er regulert av lov om personvern og datatilsynet. Skulen må difor henta inn samtykke frå føresette for at dette skal vera lov. Etter at elevane er 13 år skal dei sjølv samtykke til dette.

I Time kommune er det utarbeida eit nytt system for samtykke i Visma Flyt Skole som gjeld frå august 2024. Føresette/ elevar ved fylte 13 år blir her bede om å gje 3 samtykke: 

1. Samtykke til bruk av bilete og film i skule og SFO i Time kommune  
2. Samtykke til å vera med på bilete teke av skulefotograf 
3. Samtykke til deling av bilete/film i skulen sine sosiale media

Det gamle samtykket til fotografering er ikkje gjeldande etter august. 

Skulefotografen var på skulen vår første skuledag. Det vart teke klassebilete og portrett av kvar elev. Det vert laga skulekatalog med alle elevane i tråd med dei gamle samtykka.

Me ber om at føresette til dei som ikkje har fylt 13 år går inn og gjer samtykke så fort som mogleg.
Til føresette som har barn som er fylt 13 år, kan de be eleven sjølv svara på samtykkeskjemaet inne i dykkar visma-portal/app. De kan gje samtykke via app’en “Min skule- foresatt" eller via “Foreldreportalen” i Visma Flyt Skule.

Me ser at fleire allereie har svart på dei nye samtykka, då kan de sjå bort frå denne beskjeden.