Meny
Velg seksjon Framside
8.trinn
9. trinn
10. trinn
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juni 2024><<
juni 2024
mtotfls
27282930310102
03040506070809
10111213141516
17181920212223
24252627282930
01020304050607
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Sommarhilsen

Me ønskjer alle ein god sommar frå alle her på Lye ungdomsskule. Me har takka av 10. trinn og hatt sommaravslutning med 8. og 9. trinn. No er det godt for både ungdommar og vaksne å ha tid til ein pust i bakken før nytt skuleår startar opp 15.august.
Det har vore eit kjekt og innhaldsrikt år og me takkar elevar og føresette for eit kjekt år med mykje "lott og løye" innimellom læringsaktivitetane. Elevane har bidrege på forskjelleg vis til mykje kjekt i løpet av året. Bland anna var det nokon elevar som vant inovasjons camp finale i Oslo, nokon ordna juletre, andre har vore engasjerte i skulemiljø og oppfølging av elevundersøkinga, andre bakte kake til Krister (lærer) med beskjed om at han måtte dele med dei andre vaksne òg. Lista hadde vorte lang om den skulle vore utfyllande - men me vil takka alle elevane for at dei bidreg på forskjellige måtar til at me har det fint her på LUS. Torsdag kveld takka me av 2008- kullet - me ønskjer dei lukke til på VGS. Det var ei fin vitnemålsavslutning med mange gode elevinnslag og talar. I etterkant vart det spelt fotballkamp mellom 10. klasse elevane mot føresette, ordføraren var dommar. Eleven vant til slutt 3-2 over foreldra. Fredag var det kanonballturnering for 8. og 9. trinn. Av ulike grunnar hadde lærarane "walk - over" direkte til finalen. Lærarane spelte i finalen mot 9B og vant! Takk for i år, me ser fram til å treffa nye og gamle elevar attende i august. God sommar!
Main Image

Bilete 1 av 7